Xylofonen
Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Zara og far sit på berget og passar Styrk.
Dei har ordboka med.
Zara fortel far om alle skattane ho har fått,
og så finn dei bokstavane inne i boka.
No er det berre éin bokstav igjen å finne.
Og den skal finnast nett no!
Endeleg kjem Styrk på land.
Med ein stabel med skjel.
Han legg dei på rekke og rad.
Og han ser veldig lur ut!
– No kan du tute på mor, seier han til Zara.
Zara tutar og mor kjem setjande.
Men ho blir litt brysk når det ikkje er fare på ferde.
– Ikkje ver slik surpomp og xantippe, ertar far. – Vi
skal jo feire den siste bokstaven i bokstavjakta.
– X for xylofon! roper Styrk.
Så begynner han å slå på skjela som om
dei skulle vere det finaste instrument.
Først dansar far med Zara.
Så dansar han med mor.
Zara må danse for seg sjølv,
ho tar ordboka og svingar seg rundt.
Rundt og rundt med bokstavane.
No er dei hennar, alle saman!
Når ho får tid, skal ho prøve dei ut.
Når ho får lyst, skal ho setje dei saman,
slik at ho kan lese med dei.
Lese om havet og alt som rører seg der.
Lese om lufta og alt som fer gjennom den.
Og om jorda, sjølvsagt, som Zara liker seg så godt på,
fordi ho har både mor og far og bestemor,
og ein storebror som kan spele både xylofon og tuba
og attpåtil bukke som ein prins for bokstavprinsesser!