Yngelen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Ein morgon spør Styrk om han får låne mjølsikta.
– Yes, smiler mor og far.
Og så spør Styrk om han kan få svømme under kaia, ytst ute?
Igjen blir det eit yes til svar.

Styrk hoppar uti.
Både far og Zara passar på. 

Det yrer av bitte små fiskar kring kaia.
Dei er så yndige, flyttar seg samtidig,
som i ein undervassballett.
Styrk svømmer roleg mot dei.
Han fører sikta nesten umerkeleg innunder dei.

Brått løftar Styrk sikta så raskt han kan! 
Mest alle ynglane skvett til side, 
dei fer i alle retningar.
Styrk får likevel fanga ein

– Y for yngel, seier han til Zara. 

Zara må beundre den vesle fisken. 
Tenk å vere så liten og greie seg sjølv!
Ja, for her finst verken mor eller far som gir dei mat.
Og dei må passe seg sjølve.
– Dei er mange, og det hjelper. Når alle skvett til, 
blir den som vil ete dei, forvirra, seier Styrk. 

Zara lèt den vesle yngelen svømme litt i sikta, 
så slepper ho han tilbake i yngelballetten.

– Ein ypparleg Y, eg trur du må gi Styrk ein klem,
seier far til Zara når Styrk kjem på land.

Styrk får klemmen sin.
Zara tar i så han ynkar seg, 
ho kjenner seg så glad og sterk.

Y