Zara

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Zara er fem.
Ho har mor og far. Og mormor.
Mormor bur i Zambia og heiter Zara, ho også.
Begge skriv Zara med Z.
Z-A-R-A

Men Zara har også ein storebror!
Han heiter Styrk og er veldig irriterande,
for han synest at Zara er så lita.
– Du er for lita, seier han når ho vil låne tubaen hans.
Da blir ho lei seg.

Men Zara kan også bli sint.
Som når Styrk seier at ho er for lita 
til å bestemme kva dei skal sjå på tv.
Ja, ho blir så sint at ho knip Styrk i rumpa.
Styrk berre ler.
– ZZZ, vesle stikkebie, summar han.
Så zappar han vidare for å finne noko om dyr.
For alt han tenkjer på, er zoologi. 
Zara kjenner at ho kunne sprekke!
Kva skal ho gjere for å få bestemme litt, ho også?

Ein dag skjer det eit under:
Styrk seier at Zara er stor, 
og at han treng hjelp av henne!
Kva gjer Zara da?
Det skal du snart få vite.

Z