Flaskepost frå godtepiraten

Forteljinga «Flaskepost frå godtepiraten» er skriven og illustrert av Anna R. Folkestad. Pim skal overnatta hos bestefaren. Men har bestefaren hugsa å handla laurdagsgodt? Saman går dei to på skattejakt etter skatten frå godtepiraten.

Samansette-ord-lenke

Lag ei lenke av samansette ord der siste delen av eit samansett ord vert første delen av neste samansette ord.

Start med laurdagsgodt – godtepirat – piratbrus – brusflaske

Skriv fem ord til i lenka. Samanlikn med læringspartnaren eller i heile klassen kva de enda med som det siste ordet. Var det nokon som enda på det same?

Finn dei samansette orda i teksten «Flaskepost frå godtepiraten»

Skriv alle dei samansette orda i lag på tavla. Deretter kan elevane sitja åleine eller i lag med ein læringspartnar og laga nye ord av dei samansette orda i teksten: Ta første del av eitt ord og set saman med andre del i eit anna ord, til dømes kan godtepirat og skattekart bli til godtekart og skattepirat.

Nye ord og nye smakar

Lag ei liste med seks adjektiv, til dømes sure, raude, flygande, piggete, slimete, ruglete
… og ei liste med seks substantiv, til dømes: bilar, ferskenar, perler, kometar, sokkar, sykkelhjelmar

Trill ein terning – første trill bestemmer adjektiv, andre trill bestemmer substantivet.

Då får du namnet på eit heilt nytt og ukjent godteri!

Til dømes:

Piggete kometar, slimete ferskenar, raude sokkar.

Lag ein reklameplakat for eitt av dei nye godteria der du teiknar korleis det ser ut, og skildrar korleis det smakar, på ein slik måte at alle skal få lyst til å smaka det.

Lag gjerne ei utstilling i klasserommet eller i eit fellesområde på skulen.

Takk til godtepiraten

Når godtepiraten kjem til staden der han trur at skatten hans ligg, blir han kanskje sint og skuffa over at skatten hans er borte. Skriv eit takkekort til godtepiraten. Tenk deg at kortet kan liggja i skattekista i staden for godteriet som du og vennene dine no har ete opp. Kva kan du skriva så godtepiraten blir litt gladare?