Like bra som ei ku

Fag: Norsk og kroppsøving

Her er ei lita forteljing av Anna R. Folkestad om korleis ein kan lære seg å hoppe hoppetau. I alle fall viss ein er skikkeleg heldig og møter ei hoppetauhoppande ku på veg heim frå skulen.

Skriv gjerne ut teksten eller les han digitalt, heime eller på skulen. Her er òg eit kryssord som passar til teksten.


Hoppetauhoppeku

Hoppe-regle

Hoppe, hoppe
Som ei loppe
Hoppe hoppe
Som ei ku
Elle melle
Trådsnelle
Hoppe loppe
Hopp og snu

(Anne Marta V. Vadstein)

Slengtau-regle

Bamse, bamse, ta i bakken.
Bamse, bamse, snu deg om.
Bamse, bamse, vend tilbake 
same vegen som du kom.

Bamse, bamse, sjå mot sola.
Bamse, bamse, sjå mot jorda.
Bamse, bamse, klapp på kne.
Bamse, bamse, hopp ut på 3.
1-2-3. (hoppar ut)

(Trad. Til nynorsk ved Nynorsksenteret)