Takk og omtanke i haustmørket

Takksemdstre ikon
De kan måle ei grein eller ein trestamme.

Thanksgiving Day er ein årleg festdag som blir feira fleire stader i verda. Opphavleg var dette ein hausttakkefest der ein takka Gud for gode avlingar og andre gode hendingar i året som gjekk. I dag er dette ein festdag som handlar om at familie og venner samlast, et god mat saman og gjerne deler noko ein er takknemleg for, med kvarandre.    

Denne undervisningsaktiviteten handlar om å vere takknemleg og reflektere over kva ein er glad for. Elevane skriv noko dei er takknemlege for, på eit haustblad. Dei klipper ut bladet og heng det på eit tre i klasserommet. De kan anten måle ei grein eller ein trestamme, eller de kan finne ei grein i skogen og henge ho opp i klasserommet. Elevane kan også skrive haustløfte på lappane sine, noko fint dei kan gjere for andre.  

Litt større elevar kan samanfatte innhaldet i lappane sine: Når elevane har skrive og hengt opp lappane sine, kan dei skrive ei setning som summerer opp kva dei er glade for eller ønskjer å gjere for andre.  

Tverrfagleg hausttakkefest

I skulen kan vi markere hausttakkefesten over fleire dagar i eit tverrfagleg undervisningsopplegg. Elevane kan til dømes lage grønsaksuppe og fruktsalat i mat og helse. I KRLE kan dei lære om kyrkja sin hausttakkefest i september, ei takkegudsteneste for avlingar og  innhaustinga for året. I USA er hausttakkefesten ei stor nasjonal høgtid som blir feira over fleire dagar, betre kjend som Thanksgiving. 

Om de koplar dette saman, kan de arbeide tverrfagleg med fag som KRLE, norsk, kunst og handverk, engelsk og mat og helse. Elevane kan til dømes arbeide på stasjonar med ulike aktivitetar knytte til tema.   

Resultatet pyntar klasserommet med fine ord og setningar og nydelege haustfargar. Klassekameratane kan også samlast for å dele eit hyggeleg måltid saman.  

Takksemdstre1000

Emnehjelp

Tekstar om Thanksgiving i USA som elevane kan lese sjølve: 

Her finn de ein litt lengre tekst om ein amerikansk Thanksgiving-tradisjon: 

Her finn de ein tekst om haustfest i fleire land