Nærlesing av «Jazz meg opp»
«Jazz meg opp» er ei av sju noveller ifrå Slemme jenter (2023) av Monica Goksøyr. I alle novellene møter vi jenter i hovudrolla, og tema som utanforskap og einsemd går att. Goksøyr vann Tarjei Vesaas’ debutantpris for samlinga, og tekstane hennar inviterer til undring, engasjement og refleksjon hjå elevane.
Novella «Jazz meg opp» eignar seg godt til nærlesing og analytisk arbeid. Undervisningsopplegget du får presentert her, viser korleis du stegvis kan arbeide med teksten i klasserommet.
Å kome i gang
Start med tenkeskriving. Be elevane om å skrive kva assosiasjonar jazz gir, og kva det betyr «å jazze seg opp». Å tenkeskrive er ein fin måte å få i gang skrivinga, og ikkje minst kople elevane på lesinga.
Allereie etter første avsnitt gjer dei eit lesestopp. Be elevane undersøke kven «du» er i teksten. Dei skal òg gjere seg nokre tankar om kva dei trur teksten kjem til å handle om.
Bruk gjerne bokomslaget for å gå meir i djupna på kva elevane trur denne teksten handlar om. Her kan elevane studere både omslaget og tittelen nærmare.

Klipp og les
Del ut ulike utdrag frå teksten til elevane. Lag 8–10 utdrag som er passe lange. Del klassa inn i par eller grupper (om lag 10 grupper totalt). Kvar gruppe får eit utdrag som dei les grundig og diskuterer: Kva skjer her, kvar i handlinga trur de dette høyrer heime, og kva får vi vite om hovudpersonen? Etter at kvar gruppe har arbeidd med sitt utdrag, skal dei gå rundt og samtale med andre grupper for å finne ei logisk tekstrekkjefølgje saman. Når gruppene meiner dei har funne rekkjefølgja, skal dei plassere utdraget sitt og lage ei felles tidslinje på tavla. Dei kan godt forsøke å illustrere kvar scene. Når alle utdraga er plasserte, les dei høgt og diskuterer: Kva veit vi om utviklinga i novella? Kva for utdrag peikar tilbake, og kva utdrag driv handlinga framover? Korleis endrar hovudpersonen seg, og kva rolle spelar hunden?
Læraren les heile novella høgt. Etterpå får elevane reflektere skriftleg og munnleg over funksjonen tilbakeblikka i teksten har, korleis hovudpersonen endrar seg, og rolla til hunden.
Gruppearbeid og samskriving
Bruk slutten på novella som utgangspunkt for gruppearbeid og samskriving. Kva trur elevane skjer etter at kjærasten kjem heim? Kva slags liv ventar eg-personen? Kva slags val kan ho stå overfor? Her kan ein leggje opp til ei økt med samskriving der elevane til slutt presenterer det dei har skrive, for kvarandre.
Å arbeide med modelltekst
«Jazz meg opp» kom på eksamen hausten 2024. Bruk modellteksten som utgangspunkt for å vise korleis ein kan skrive ein fagleg og tekstnær novelleanalyse. Det å arbeide med å dekonstruere modelltekstar kan fungere som ei fin støtte i arbeidet med å bli betre på å skrive.
Start med å gå gjennom eitt avsnitt om gongen, og diskuter: Kva er det som gjer det fagleg godt? Gå vidare til å snakke om korleis teksten er bygd opp, kva verkemiddel blir brukte, korleis er språket, strukturen og tolkinga? Tenk saman med elevane. Her kan det vere fint å bruke fargekoding for slik å synleggjere tekstoppbygging og innhald for elevane.
Vurderingssituasjon
Etter å ha nærlese og arbeidd grundig med «Jazz meg opp», kan elevane få analysere ei ny novelle på eiga hand. La dei bruke modellteksten som inspirasjon for å skrive ei novelletolking sjølve.
Klipp og lim – forslag til inndeling av utdrag
Utdrag 1: «Før eg trefte deg» til og med «skjelett mot handa».
Utdrag 2: «Det var kø på E6» til og med «klar for kjærleiken».
Utdrag 3: «Då vi kom heim frå jobb dagen etter» til og med «det var det eg var skapt for å gjere».
Utdrag 4: «Eg fann ei leike i buret ditt» til og med «du ikkje kunne brenne inne med alt».
Utdrag 5: «På jobb dagen etter» til og med «slik han gjorde med Tinka».
Utdrag 6: «Vi gjekk mot Vålrenga kyrkje» til og med «kven veit kva som då kunne hendt?»
Utdrag 7: «Vi var utkøyrde då vi kom heim att» til og med «Så song vi for full hals til naboen slo i taket, då stansa vi!».
Utdrag 8: «Eg hadde vorte vant til lyden av klørne dine» til og med «lurte på om eg ikkje hadde hatt godt av ein luftetur».