Musikk, rim og regler
Nynorsksenteret vil løfte fram den munnlege rim- og regletradisjonen og inspirere til å bruke slike små vers i barnehage og skule. I Rammeplan for barnehagen 2017, under Kommunikasjon, språk og tekst, står det formulert slik:
I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.
Personalet i barnehagen skal mellom anna oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme. Ein bør bruke varierte formidlingsformer og inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.
Videoar med barnesongar
Bruk av song i barnehagen
Tematiske songar og vers
Samlingar med rim og regler
Fleire ressursar
På Nynorskbok.no finn de tips om fleire songbøker.