Bok på 1-2-3: Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk, naturfag og musikk, med tema helse og vennskap.
Tid: 90 minutt
Klassikarar i Bok på 1-2-3: Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa. Mange barn som høyrer om dei to gode vennene i huset ved elva, vil berre høyre meir og meir.
Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Og dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei så sterke. Mange andre venner har dei også, og eit koseleg lite hus ved elva.
Ein dag er den vesle tigeren sjuk, og den vesle bjørnen kjem med alt han har av omtanke og omsut for å få han frisk igjen. Slik hjelp treng vi alle av og til. Alle dei andre vennene kjem også på besøk, og alle fylgjer med den dagen tigeren må reise til dyresjukehuset. Bjørnen er sjølvsagt til stades og passar på.
Boka
Janosch: Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen