Undervisningsopplegg knytt til biletboka Bomulv
Njord Svendsen og Akin Duzakin har laga ei fin forteljing om mot og vennskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten av ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ule. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må kome seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.
På den andre sida av skogen møter Bomulv sauen Stig. Dei to blir venner, og saman opplever dei mykje spennande. Det heile er skildra med humor og varme. Boka om Bomulv har ei historie som eignar seg like godt for store barn som for små, og boka passar godt som utgangspunkt for både bilettolking og tekstforståing.
Eirik Lissner har laga dette undervisningsopplegget. Han har også gjennomført prosjektet i sjetteklassen sin. Dei jobba med boka og undervisningsopplegget i 2–3 veker. Du kan sjølv velje å bruke berre nokre element frå opplegget, eller gjennomføre heile.
1. Før lesinga
2. Medan du les
- Arbeid medan de les boka (PDF)
3. Etter at de har lese boka
- Litterær samtale (innhald) (PDF)
- Komposisjon (form) (PDF)
- Refleksjon og skriving (PDF)
Kompetansemål
Dette undervisingsopplegget støttar kompetansemåla i norskfaget (LK20), som seier at elevane skal
- lese lyrikk, noveller, fagtekster og annen skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhold
- utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster.
Mål for undervisningsprosjektet
- Lese og bruke bakgrunnskunnskapar for å forstå innhald og form i boka.
- Lese for å gjennomføre ein litterær samtale om innhald og leseoppleving.
- Lese for å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka og presentere boka for nokre andre i klassen.