Ulike vegar til språkhistoria

Vegar ikon

Kunnskap om den norske språkhistoria gir elevane ei betre forståing for kvifor dei må lære seg begge skriftspråka, og kvifor det er viktig for eit demokrati å ta vare på det språklege mangfaldet. Når elevane arbeider med språkhistoria, jobbar dei med ein viktig del av den norske kulturhistoria. 

Språkhistorieemnet er eit gjennomgåande tema som ein bør jobbe med på ulike måtar gjennom heile utdanningsløpet til eleven. Arbeid med språkhistoria kan styrkje den kulturelle forståinga til eleven og gjere eleven i betre stand til å respektere det språklege mangfaldet. I denne oversikta finn du ulike forslag til korleis du kan arbeide med språkhistoria på ungdomstrinnet. 

Steg 1: Forkunnskap

Aktiver forkunnskapane til elevane
Denne oppgåva høver godt å gjennomføre på åttande trinn. Før de startar, er det lurt å kartleggje kva elevane kan om bakgrunnen for at vi har to skriftspråk. Ein fin måte å gjere dette på er å be elevane gå saman i par og svare på nokre spørsmål før de tar ein felles samtale i klasserommet.  

Arbeidsarket til denne oppgåva finn du her: Språkhistorieark til utfylling (pptx)

Lese- og skriveoppdrag
Del inn klassa i lesepar. Den eine eleven skal ha ansvar for Ivar Aasen si historie, og den andre eleven i leseparet skal ha ansvar for Knud Knudsen si historie. Oppgåvene finn du under. 

Oppdraget til eleven er som følgjer: Snart får du tildelt ein lesetekst med viktig informasjon om ein sentral person i norsk språkhistorie. Du skal no nærlese teksten du har fått tildelt, og skrive nøkkelord. Om du ikkje hugsar kva nøkkelord viser til, kan du sjå denne korte videoen. Bruk deretter nøkkelorda til å lage ein presentasjon eller ein filmsnutt der du presenterer den historiske personen til læringsvenen din. Hald presentasjonen / vis filmen til læringsvenen din. Lag også nokre spørsmål om teksten som du stiller til læringsvenen din.  

Til læraren
Avslutt arbeidet med ein felles samtale i klasserommet der de snakkar om bakgrunnen for at vi har to skriftspråk.   

Lesetekstar til bruk i oppgåva 

Til læraren: Sentrale hendingar i norsk språkhistorie 
På denne NDLA-sida finn du 10 årstal som viser til viktige hendingar for norsk språkstyring på 1800-talet. Del elevane inn i par, og tildel dei eit av årstala. Be elevane lage ein A4-plakat der dei presenterer årstalet og forklarar kva slags hending årstalet viser til i norsk språkhistorie. Still elevpara i ein ring i klasserommet og be dei presentere årstala og hendingane kronologisk frå 1814 til 1894. Heng plakatane opp i klasserommet. 

Steg 2: Teikneserie

Til eleven: Lag ein teikneserie
Du skal no nærlese det som står skrive om Knudsen og Aasen, og deretter lage ein teikneserie om kvar av dei. Det er viktig at du får fram litt om bakgrunnen deira og kva dei to karane fekk utretta i løpet av livet.   

Utfordring: Prøv å teikne med ein tydeleg strek. Bruk fargeblyantar og gjer deg flid med å lage ein så fin teikneserie som mogleg. Lag anten informasjonstekst til bileta, eller bruk snakke- eller tenkebobler slik at historia kjem best mogleg fram. Arbeidsarka til teikneseriane finn du her: Teikneseriemal til utfylling (pptx)

Til læraren: Engasjer elevane gjennom ei klassekåring
Heng opp teikneseriane i klasserommet. Kven av teikneseriane formidlar historia på best mogleg vis? Anonymiser bidraga og la elevane kåre ein 1., 2. og 3. plass.  

Lesetekstar til bruk i oppgåva 

Fleire kjelder 

Steg 3: Springediktat

Bruk den korte teksten «Kvifor må vi lære oss to skriftspråk i Noreg?» som utgangspunkt for eit springediktat. Del klassa inn i fire grupper, og gjennomfør springediktatet inne eller ute. Les meir om kva eit springediktat er her. 

Kvifor må vi lære oss to skriftspråk i Noreg?  

Å bevare eit språkleg mangfald er viktig i eit demokrati. I eit demokrati skal ein verdsetje ulike synspunkt, kulturar og meiningar. Dei mange språka i Noreg utgjer ein kulturell rikdom som vi må ta vare på. Når vi lærer å skrive nynorsk, er vi med på å bevare eit viktig språkleg og kulturelt mangfald.  

Det er ei målsetting i Noreg at nynorsk og bokmål skal vere to likestilte språk, difor må også elevar som har bokmål som hovudmål, lære seg nynorsk. Å lære seg nynorsk eller bokmål som sidemål, og klare å veksle mellom to språk, kan gje deg fleire fordelar. Fleire studiar viser at det å kunne skrive fleire skriftspråk faktisk kan gjere deg smartare.   

Du finn springediktat-teksten i utskriftsformat her: Kvifor må vi lære oss to skriftspråk i Noreg (docx)

Etter gjennomført springediktat 
Når springediktatet er ferdig, tek elevane med seg arket inn att i klasserommet, og så har de ein samtale om teksten. Tips: Gå inn på nettsida Nynorsk myteknusar til Norsk Målungdom, og les og samtal om dei ulike nynorskmytane. Les også teksten «Nynorskelev Amanda (17) blir retta på bokmål: Eg føler at mine krav ikkje blir møtt» og samtal om kva slags språklege krav og rettar elevar som skriv nynorsk, har. 

Steg 4: Rollespel med utdeling av rollekort