• Blogg
  • Oversikt over opplegg

Oversikt over opplegg

15.08.2022

Nynorsksenteret no skjermdump til nettside

På Nynorsksenteret.no finst det mange ulike ressursar for barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn

Vi veit at barnehage- og skuledagen er hektisk, og derfor har vi samla eit utval av ressursar for dei ulike aldersgruppene. Her finn de ressursar med innslag av mellom anna leik, lesing, skriving og grammatikk. Vi håper de finn denne oversikta nyttig, og minner elles om at de finn alle ressursane på nettsidene våre.

Barnehage

Nynorske lesefrø

Lesing er sentralt både i barnehagen og skulen. I denne ressursen kan de lese om satsinga som heiter «Nynorske lesefrø». Dette er ein mal for korleis kommunar og barnehagar kan samarbeide for å gje barna tilgang til gode bøker på nynorsk, og korleis ein kan bruke bøkene i barnehagekvardagen.

Unge forfattarar

Kan barn i barnehagen skrive bok? Ja, visst kan dei det! Her finn de eit opplegg som handlar om å la barna vere forfattarar og illustratørar, og ressursen finn god støtte i Rammeplanen for barnehagen.

Barnehagejente skriv bokstavar til nettside004

Bruk av konkretar og fokusord

Det å lære nye omgrep og å forstå ord kan vere lettare for små barn dersom dei har konkretar dei kan sjå og ta på. I denne ressursen får de tips om korleis de kan arbeide med konkretar i samband med lesing.

Dialogisk lesing

Ein annan måte å bruke bøker på er gjennom det som vert kalla for «dialogisk lesing». I denne ressursen tek ein utgangspunkt i boka Frosken er redd av Max Velthuijs. Del for del vert barna losa gjennom boka med innlæring av nye ord og rom for eigne tankar og refleksjonar. Ressursen inneheld ei ferdig oppskrift på kvar ein kan stoppe, og kva spørsmål ein kan stille undervegs i boka.

Barneskule 1.–4. trinn

Les – skriv – teikn

Leseforståing er i hovudsak sett saman av to delar, nemleg avkoding og språkleg forståing. Dette opplegget har hovudvekt på leseforståing. Ressursen er nivådelt, der ein kan velje vanskegrad på orda og tekstane elevane skal jobbe med. Ressursen inneheld seks ulike nivå der elevane skal trekke kort med ord eller setningar, skrive det som står der, og deretter teikne noko som passar til det dei har lese. På denne måten får eleven trene på lesing, skriving og teikning, samt at ein kan få avdekt om eleven faktisk forstår det som vert lese.

Argumenterande tekst

Dette er ein ressurs som er laga av Skrivesenteret og som er omsett til nynorsk av Nynorsksenteret. I opplegget får elevane øve seg på å skrive argumenterande tekstar. Oppgåva er å velje ut ein hunderase og å kome med argument for kvifor akkurat den rasen er den beste for familien deira. Elevane skal ende opp med ein tekst med skrift, bilete og ein faktaboks. Slik får også elevane kjennskap til omgrepet samansett tekst. Ressursen kan tilpassast slik at han kan brukast på ulike klassetrinn.

Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene (eller utdrag frå bøkene) ein periode ute til gratis strøyming.

Bok på 1 2 3 illustrasjon til nettside
Elevar lærer folkedansen Til seters som er ein del av opplegget til Huldra Hildur i Bok på 1-2-3.

Barneskule 5.–7. trinn

Skriv din eigen rockesong. Ein tverrfagleg ressurs.

Stikkord for denne ressursen er musikk, norsk, samarbeid og bruk av nettordboka. Opplegget tek utgangspunkt i bøkene om Heavykatten av Roald Kaldestad, og elevane får prøve å skrive sin eigen rockesong. I dette arbeidet er nettordboka eit viktig og nyttig verktøy, og elevane får lære lure triks for å finne rimord. Å kunne bruke nettordboka vil vere positivt for seinare arbeid, og i denne ressursen får elevane ei kjekk innføring i dette verktøyet.

Å formulere faglege setningar (med utgangspunkt i boka om Julius: Som ein bror).

Her får elevane arbeide med setningsoppbygging, jobbe med omgrepet «fullstendig setning», bruk av skiljeteikn, utviding av setningar og bindeorda fordi, men og derfor. Ei av tilbakemeldingane som vi har fått på denne ressursen, er at ein opplever skriveglede og meistring blant elevar som elles slit med å skrive og uttrykkje seg fagleg.

Praktisk grammatikk
Denne ressursen tek føre seg arbeid med adjektiv, adverbial, subjekt og objekt. Elevane får øve på å gjere setningar om til spørsmål og arbeide med ulike setningsledd. Det er lagt opp til praktisk arbeid både i og utanfor klasserommet.

Ungdomsskule

Menneskerettar, medborgarskap, demokrati. Ein ressurs med tverrfagleg tema

I denne ressursen skal elevane skrive ein fagartikkel på nynorsk. Temaet i ressursen er dagsaktuelt, då han handlar om FN, ytringsfridom og unge menneske på flukt. I tillegg til å få innsikt og auka kunnskap om temaet får elevane også trening i alle ledda i ein skriveprosess, frå undersøking til ferdig tekst. Ressursen inneheld to skriveoppgåver.

30-leiken

30-leiken er ein kjekk måte å jobbe med grammatikk på. Det er sjølvsagt mogleg å bruke leiken i andre tema og fag også, men materialet som ligg klart her, er tenkt til norskfaget og temaet grammatikk. Leiken går føre seg ute, og tek om lag 30 minutt å gjennomføre. Det tek litt tid å førebu han, men har ein først skrive ut og laminert oppgåvearka, kan dei brukast om att fleire gonger.

Kreativ skriving

Ein kreativ tekst er ikkje ein teksttype eller sjanger, men ein skrivemåte og eit samleomgrep som femner om både forteljande, reflekterande og underhaldande tekstar.  Her finn de ei liste med tips og enkle oppgåver som kan vere aktuelle å bruke når elevane skal øve seg på kreativ skriving.

Kvinneleg lærar forklarer noko til elev

Vidaregåande

Grammatikk

Dette er ein samleressurs der de blir presenterte for ulike oppgåvetypar og måtar å jobbe med grammatikk på.

Litteratur

Her får de innblikk i korleis ein kan arbeide med skjønnlitteratur i norskfaget. Opplegget tek utgangspunkt i boka Eit anna blikk av Erlend Skjetne, og elevane skal både lese, samtale og skrive.

Litterære oppgåver/skriveoppgåver

Her får elevane jobbe med element i, og oppbygging av, ei novelle, og ressursen tek føre seg novella «Utpå stupe» av Olav Duun. I tillegg til skriving og litterære oppgåver finn de også grammatikkoppgåver knytte til ressursen.